HEIL VED

Vi leverer stuttreist kvalitet frå Gudbrandsdalen i alle ledd. Fagfolk, material, handverk og engasjement som Dalenes Dal er bygd på.

TETT OPPFØLGING

Trevæven vektlegg tett samarbeid og personleg kontakt med deg som kunde og leverandørar vi veit leverer høg kvalitet.

KLIMAREKNESKAP

Bidra til det grøne skiftet? I samarbeid med Vestlandsforsking leverer vi klimarekneskap for heile byggeprosessen.

STUTTREIST | LOKALT | HANDVERK

VI ER TREVÆVEN

Trevæven er eit lite snikkarfirma frå foten av Jotunheimen øvst i Gudbrandsdalen som leverer framtidsretta bygg trygt tufta på århundregamle tradisjonar og virke – med sterkt medvit om at klimaavtrykk må minimerast av hensyn til komande generasjonar.

Til grunn for alt vi gjer ligg vissheita om at bevisste materialval og løysingar fører til solide bygg som varer i generasjonar.

Imbert Kleiven, dagleg leiar

MAKSIMAL KVALITET

MINIMERT KLIMAAVTRYKK

Trevæven ynskjer å bidra til det grøne skiftet i byggenæringa og hyttemarknaden. Gjer du det same, har vi utvikla gode verktøy for å minimere klima- og miljøavtrykk frå di nye hytte eller bolig.

TENESTER

KVA VI TILBYR

Totallevering frå grunnmur til torvtak – eller mindre prosjekt på hus og hytte

Skreddarsaum

Vårt arbeid startar alltid med grundige rundar meg deg som kunde – og tett kontakt gjennom heile byggeprosessen. Om du vil inviterer vi gjerne med dyktig lokal arkitekt i prosessen.

Lokale fagfolk

Eit toppa lag har spisskvalitet i alle ledd. Trevæven har eit nettverk av særs dyktige leverandørar og fagfolk som vi vev saman for å levere på dine ynskjer.

Stuttreist material

Gjennom generasjonar er den vakre og tidlause byggeskikken i Gudbrandsdalen tufta på stokk og stein – henta frå eige dalføre og fjellheim. Vi gjer det same i vissheit om at du får eit varig bygg.

TOPPA LAG

VÅRE SAMARBEIDSPARTNARAR

Trevæven er heldige og stolte som er del av det rike og levande handverksmiljøet i Vågå nord i Gudbrandsdalen. Her er nokre av våre leverandørar av stuttreist kvalitet frå interiør til isolasjon.